![]() Velkommen til Naturfestivalen 2011.
Naturen vår utfordrar turfolk sommar som vinter, og har gjort det i mange generasjonar. Sunnmørsalpane med sine spektakulære tindar og fjellformasjonar skil seg frå andre område. Fjordane våre er uendeleg vakre og ville. Dei siste sju åra har vi arrangert Naturfestival i desse omgjevnadane. Det har vorte tradisjon at festivalen opnar i Vikegata siste laurdag i juli. Vi tjuvstartar likevel litt i år, og har aktivitetar alt frå 28. juli. Naturfestivalen 2011 vert avslutta 7. august. Programmet kan no lastast ned (PDF): Årets program er klart, og det er tett mellom godbitane for dei som ønskjer å vere med på spennande opplevingar ute i naturen vår.
Det unike med Naturfestivalen er den store variasjonen i tilbod – toppturentusiastar får testa grensene sine, born og ungdom får prøve spennande aktivitetar, og dei som vil rusle ein tur på gamle stiar i godt lag kan gjere det. Her er Klatreføringar, toppturar, familieturar, sykkelturar, båtturar, fiske, museumsbesøk, gardsbesøk, kulturvandringar m.m. For dei som ønskjer å konkurrere vert det Ørstaritt på sykkel, og vi samarbeider sjølvsagt også i år med motbakkeløpet Saudehornet rett opp 6. august
Elles kan vi love eit variert program med mange ulike aktivitetar. Utover i juli vil programmet verte kontinuerleg oppdatert – så følg med på nettsida.
Video frå Naturfestivalen
Fram til løpet vil det bli vist ei testsending med diverse videoklipp frå Naturfestivalen. Avlysingar i høve terroraksjonane i Oslo.
Oppdateringar
Onsdag 3. august: Torsdag 4. august: Fredag 5. august:
|
Sponsorar
|






