Molladalen er etter mange sin meining ein av Norges vakraste dalar. Utsikten på ein klarvêrsdag frå Storevatnet mot dei spisse pinaklane er noe ein seint vil gløyme. Vi startar turen frå Melbøsætra på 230 moh. Storevatnet ligg på 773 moh. så nokre høgdemeter blir det. Totalt er turen på 7 km. Ein brukar ca. 1,5 time opp til vatnet i roleg og jamt tempo. Der er et parti der stien traverser forbi eit bratt og noko luftig parti, men her er stien sikra med kjetting å halde seg i. Det er muleg å gå om dette partiet for dei det er ønskeleg for.
Gradering: Middels
Tidsbruk: 4-5 timer
Pris: 100 kr per person, 250 per familie
Tal deltakarar: minimum 5 påmelde
Molladalstindane kommer til syne. Foto: Martin Hauge-Nilsen
Molladalstindane. Foto: Martin Hauge-Nilsen
Kjekke aktivitetar i Storevatnet
Påmelding til Naturguide Martin Hauge-Nilsen på telefon 901 22 311 / info@fjellforeren.no