Naturfestivalen 2020

Naturfestivalen 2020 vart ein av få festivalar som ikkje vart avlyst denne sommaren og vi kan sjå tilbake på ei heil festivalveke med godt ver, med få unntak. Siste dagen med fotovandring regna dessverre vekk. Men festivalen vart ikkje heilt slik som vi tenkte og planlagde tidleg på året.
Mykje arbeid vart lagt ned i dei to største arrangementa Romedalscampen,i samarbeid med balansekunstnar Eskil Rønningsbakken, og Saudehornet Rett Opp ilag med lokale idrettslag. Og til slutt, i samråd med smittevernlegen, måtte ein avlyse begge, grunna covid-19 og restriksjonane som var gjeldande.

Turar og arrangement vart godt i mottekne og mange melde seg på, sjølvsagt kunne fleire vore med Fjellføraren på toppturane, grottevandringa og den lange overgangsturen. Men som regel sit folk å ventar på veret og vi måtte ha påmelding i god tid for å ivareta smittevernet. Dei fine bilda viser i etterkant at dei som trossa veret og vart med trivdes godt på turane.

Og mange var det som tok turen til Bjørke og Bakketunet i festivalveka, der heile tunet var teke i bruk til jubileumsutstillinga Nostalgia. Ivar Aasentunet var også ope gjennom veka med filmframsyning og omvising. Barna kunne gå på skattejakt i museet og det var lagt til rette for bokstavjakt i skogen rundt.

Møre Nytt og Møre gav oss god pressedekning gjennom heile festivalen, i form av omtale av kvart arrangement i forkant og fyldige reportasjar i etterkant.
Og vi tiltrekte oss endå til NRK si interesse og det vart laga reportasje frå pilegrimsvandringa i Bjørkedalen.

Våre venner på sosiale media var velvillige og delt arrangement og innlegg, og vi fekk gratis draghjelp frå Sindre Langaas i form av omtale i avisa av UsynligO, turorientering på nett og med mobilen, der punkta han har plotta inn på kartet MapAnt blir liggande og vi kan selje kartpakkane framover.

Naturfestivalen har eit svært godt samarbeid med Benedicte Kjelland i NEO, på layout og produksjon av faldaren, som også i år var både veldig fin og informativ. Nettsida vert også oppdatert etter kvart.

Tidlegare år har vi hatt høve til å legge ut programfaldaren mange stadar i Ørsta, Volda, Grodås, Ulstein, Hareid, Herøy og Sande. Grunna smittevern var det i år mange butikkar etc. som reserverte seg, men vi hadde eit godt samarbeid med senterleiinga på ALTI og fekk legge ut ved alle kvilebenkane i senteret og sette opp beachflagg ved Turistkontoret.
Vi fekk også plassere faldarar og plakatar på hotell, campingplassar og hytter i området vårt og beachflagg var med på fleire av arrangementa.

For å ivareta smittevern og restriksjonar måtte vi i år praktisere førehandspåmelding og føre namnelister for kvart arrangement og vi tilbaud betaling til konto samt Vipps for å unngå pengehandtering rundt i kring.

Familiedagen på Raudøya dobla talet på deltakarar frå sist og i alt 15 store familiar gjorde seg nytte av familieprisen og vart med på denne dagen med aktivitetar og grilling. Også nokre enkeltpersonar som ikkje sjølve har tilgang til båt, fekk oppleve å kome ut til denne perla, einaste øya i Ørsta.
Tilbakemeldinga frå lærar/ungdommane som stilte opp i skuleferien og la til rette for at dei som ville fekk ro, padle, skyte med luftgevær, kaste øks og mykje meir, var at det var akkurat passe mange til at dei klarte halde oversikta.

Vi fekk også vist fram det spennande Butikk,Båt og Reiarlagsmuseumet på Vartdal til ganske mange og ein svær flokk var på pilegrimsvandring frå Kile til Olavskrossen i Bjørkedalen.

Ganske mange sleit seg også opp i Rønneberghola, i Rjåneskamben, og fekk høyre den dramatiske historia frå krigens dagar som er knytt til den.

Den guida turen frå Liadal ut Fjordmannsleia til Borgarøya, i Ulstein, med Hindholmen vart fullteikna og det same var turen med fullt program og bevertning til veglause Skår, i Hjørundfjorden.

Tilbakemeldingane frå mange av deltakarar i Naturfestivalen er at det har vore svært interessant og givande å delta i arrangementa, som har godt lagt til rette og dei lokale arrangørane har vore svært kunnskapsrike og gode formidlarar.

Ettersom ein måtte avlyse motbakkeløpet Saudehornet Rett Opp vart det ikkje aktivitet med løpstart, grilling og premieutdeling i småbåthavna den dagen,og heller ikkje den tradisjonelle Ankerdansen som Ørsta Småbåtlag årleg har arrangert kunne gjennomførast og mange sakna sjølvsagt dette.

Så stor takk til alle våre samarbeidspartar for alt vi fekk gjennomført tross restriksjonar. Desse melder også tilbake at dette har vore ei god oppleving og noko dei gjerne gjer igjen.

Stor takk også til M&R fylke og Ørsta og Volda kommunar som gav tilskot, og til våre rause sponsorar Tussa og Sparbanken Møre som gjorde det mogleg å gjennomføre ein god festival innafor strenge smittevernreglar og avlysing av dei store arrangementa, som i normale år gir litt inntekt til Naturfestivalen.

Utfordringa styret i Naturfestivalen no står over for,er å behalde driftstilskotet frå fylket som er betinga same beløp i tilskot også frå kommunane. Utan dette er ein ikkje i stand til å tilby desse lågterskel aktivitetane i 2021,til glede både for fastbuande, heimvende sunnmøringar og tilreisande, og håpet er at folkevalde, som skal vedta budsjett, ser at små postar i ei stort budsjett kan gjere forskjellen på ei Naturfestivalveke i Ørsta eller ei.

Styret i Naturfestivalen.